Fra avisen Dag og Tid nr.23 klipper vi et intervju med fader Benedikt Pohjanen, ortodoks prest i Överkalix på grensen mellom Sverige og Finland. Her driver han dessuten studiesenteret Sirillus og hans kone Monica maler ikoner og leder kurser. F. Benedikt ble viet til prest av erkebiskop Gabriel.

Brende bruene, bygde kyrkje.

(av Ottar Fyllingsnes)

Den svenske smuglarsonen, presten og forfattaren Bengt Pohjanen forlèt den svenske kyrkja i protest. No har han bygt si eiga ortodokse kyrkje i Överkalix i Tornedalen, og dit strøymer både russarar og andre gjester.

Aprildagen er strålande vakker i Tornedalen. Idet eg passerer over brua over den islagde Kalixelva og har tettstaden Överkalix rett framfor meg, åtvarar radioen mot hjort i vegbana og råk i elva. Her har Bengt Pohjanen (61) bygt ei ortodoks kyrkje på eit torp, og det tek ikkje lang tid før spiret, løkkuppelen og den raude bygningen dukkar fram i skogkanten på eit jorde. Sirillus heiter staden. Ein alvorleg mann i svart helsar velkomen og bed meg inn i ei lita stove. Han ryddar bort eit stort lego-byggverk frå bordet, medan eg studerer målarstykket av Læstadius på veggen. Dei siste gjestene reiste grytidleg. Om lag 50 russarar feira påske her i den ortodokse kyrkja, men dei budde i kyrkjebyen inne i Överkalix. Bengt Pohjanen er nært knytt til Russland, og dit reiser han med jamne mellomrom. Bøkene hans er å finna både på russisk, finsk og dansk, men ikkje på norsk. På hovudbiblioteket i Oslo har dei berre èi bok av Pohjanen – Himlalots på svensk. Han vert karakterisert som ein ”tros og trotsroman”, og handlar om ein mann som er involvert i eit ”våldsamt gräl med djävulen”. - Kanskje nordmennene ikkje skjønar meg, seier Pohjanen med eit smil. Han har ikkje vore her i landet på 25 år, men den gongen gjekk turen til Fauske. Sidan har det vorte meir ”österut og söderut”. Beng Pohjanen er både romanforfattar, dramatikar, lyrikar, librettist, regissør, filosof, forteljar, profet, språkforskar, underhaldar – og prest. Det store skiftet i livet hans skjedde i 1983. Tidligare var Pohjanen prest i Svenska Kyrkan, men då sa han takk for seg.

- Kva var det du reagerte så sterkt på?

-Sekulariseringa! Eg kjem frå Tornedalen, og me ber religionen med oss genetisk. Ja, forskinga har kome fram til at religionen er genetisk. Eg finn inga meining i å ha ei kyrkje som ikkje er åndeleg. Difor leverte eg inn avskilsbrevet som prest. Det var dramastisk, men eg klypte tråden rett av. Det har ikkje vore lett, men no er eg glad for at eg gjorde det. Den gongen var Bengt Pohjanen i byrjinga på forfattarskapen. Han var flittig og hadde knapt pengar til mat. Likevel valde han å selja eit fint og gjeldstyngt hus i Överkalix, og saman med familien flytta han inn i eit lite, gammalt og forfalle hus.

-Eg la alt bak meg og satsa på å leva som fri kunstnar. Det var eit irrasjonelt val å flytta hit. Sidan den tid har han brukt dei 20 åra godt, og no er det reist både kyrkje og stort hus på staden. Bengt Pohjanen har sysla med litteratur like sidan tenåra, og han skreiv dei første tekstane sine på svensk.

-Men opphaveleg er eg finsk, og førstespråket mitt er mienkieli – ei blanding av aust- og vestfinsk med karelske innslag. Språket er mest utbreidd i grenseområdet mellom Sverige og Finland, og det har teke opp i seg ein del låneord frå svensk. I år 2000 var det godkjent som eit minoritetsspråk i Sverige. Ein reknar med at kring 40.000 talar mienkieli, men det er ei optimistisk overslag. Eg trur at om lag 10.000 er realistisk. Det er ikkje mange forfattarar som skriv på mienkieli.

- Kor mange? -Tenkjer ein på dei som berre kjem ut på dei store forlaga og som er med i forfattarforeininga, så er det vel berre eg som har mienkieli som førstespråk! -Rett nok fins ei større gruppe som har mienkieli som morsmål, men som skriv på svensk. Mienkieli vert brukt i dei fem kommunane på svensk side i Tornedalen. Det er eit stort område, men det er tynt folkesett. Reknar ein med folk i dei fem kommunane på finsk side av grensa, kan me tala om at 100.000 talar det same språket. Ein kan også rekna kvensk i Noreg til den same familien. Men strengt definert er det snakk om fem svenske kommunar, og me er ikkje ein etnisk minoritet, men ein språkleg minoritet. Bengt Pohjanen har brukt store delar av livet sitt på å sikra ei framtid for dette språket. Han har skrive to grammatikkar – ein på mienkieli og ein på svensk, til bruk i undervisninga. Han har også skrive den første romanen på mienkieli, som kom ut i 1985. Sidan kom det drama på det same språket, og for to år sidan var det premiere på ein trespråkleg smuglaropera i Tornedalen. Pohjanen har i tillegg omsett dei fire evangelia til mienkieli, men den største produksjonen har likevel vore på svensk. Dessutan har han skrive fleire romaner og drama på finsk. Det var ikkje noko brått innfall som fekk Pohjanen til å venda Svenska Kyrkan ryggen. -Eg var student i Uppsala i det merkelege året 1968, og der var det ofte meir politikk enn teologi og filosofi, fortel han. For ikkje så lenge sidan var han på vitjing i det sørlege Sverige, og der møtte han fleire av dei han studerte samen med i Uppsala.

-Diskusjonen var i gang då eg kom inn i rommet. Eg kjende att andleta og sette meg ned for å lytta. Fleire hadde vorte biskopar og professorar. Eg tenkte at dette rommet forlèt eg i 1970, og då sat dei same ”herrana” her, men då var dei unge gutar – som eg. Den gongen prata dei om frigjeringsrørslene; dei blodigaste ein kunne finna. Det fanst ingen totalitære regime som dei ikkje hadde støtta. Etter bere fem minuttar tenkte eg:

-Hjelp – eg har vore borte frå dette i 35 år, men dei har vorte sittjande. Og held fram med å snakka i det vide og det breie om Kina, Mao, Castro og Sovjet. Men me som kom frå Tornedalen, hadde sett helvetet. Me hadde slektningar som hadde fått nakkeskotet av Stalin. Me visste at dette heldt ikkje, men likevel ville dei ha helvetet inn i kyrkja, og det har dei lukkast med. Eg held ikkje ut med ei politisert kyrkje. Den politiserte religionen er frykteleg, og me ser fruktane av det gjennom islamismen. Det finns ingen ideologi som har drepe så mange som Hitler og Stalin og den såkalla vitskaplege humanismen. Alt kjem derifrå. Bengt Pohjanen var medlem av det sosialdemokratiske partiet i ein kortare periode, men i Aftonbladet har han teke til orde for å leggja ned dei politiske partia.

- Korleis skal me ordna oss utan parti?

-Eg er inne på den same tanken som Solsjenitsyn, om at ein skal leva i små fellesskap og løysa problema der. Det finst dei som kallar meg anarkist.

- Du røystar ikkje?

-Nei, siste gongen eg røysta, var ved EU-valet, og som gamal smuglargut røysta eg bort grensene. Men ikkje lenge etter at eg hadde lagt røysta i urna, fekk eg høyra at tyske panservogner stod i Makedonia. Og då fly gjekk til bombeåtak på Serbia, sa eg takk for meg. For siste gongen hadde nokon greidd å lura meg inn i eit krigsprosjekt. Det synest betre med kaos, enn ordna vald. Men Pohjanen omtalar den posisjonen han har innteke som mellombels, og reknar med at den dagen når oppslutningen om politiske val fell under 25 prosent, kan ikkje politikarane overleva det politiske skrålet.

-Då må dei byrja å lytta på folk. Det er med andre ord snakk om ein mellombels posisjon, men av Dostojevskij har eg lært at heile lagnaden til verda finst i eit einaste menneske, og difor er det meiningsfullt å gjera det ein trur på.

- Men internasjonalt samarbeide er naudsynt?

-Eg er smuglarson, og veit at medan middelklassen i dei politiske partia stelte til konferanse etter konferanse og tok for seg frå raudvinshyllene på dei fine hotella, så smaug smuglarane over grensa og bytte varer og sytte for økonomien i fattige grensetrakter. Livet blømde, og folk tykte om kvarandre. Då eg hamna i litteraturen og kulturen, oppdaga eg at det var stadig nye raudvinskonferansar, og det vart prat om samarbeid. En skulle skapa nye prosjekt, men det var ingenting av dei. Eg høyrer til dei som bestemte seg for både å skita i konferansane og slutta å søkje tilskot. I staden skaffa me pengar til billettar for forfattarar i Petrozavodsk i Russland, så me kan prata saman. Og me gjev ut bøker i Barentsregionen. Eg trur meir på slikt samarbeid, men eg forstår kvifor mange politikarer hoppar av; dei kjenner same frustrasjonen som eg. I 1995 sette Pohjanen seg føre å setja opp Brørne Karamasov .

-Eg hadde ein byggmester her, og han meinte at eg burde byggja ei kyrkje og spela teater der. Det var ein genial idè, og slik vart det. Huset fungerer som ei russisk ortodoks kyrkje, og det hender at russarar kjem hit og døyper ungane sine. I 1998 var det premiere på Brørne Karamasov og det vart ein stor suksess. Det var framsyningar kvar kveld ein heil månad. Folk kom langveges frå for å sjå stykket; til og med frå Columbia og Madrid.

-Eg veit ikkje kor månge som såg stykket, men då me avslutta, stod over tusen personer i kø. Bengt Pohjanen har stor sans for Dostojevskij, russisk litteratur og filosofi; først og fremst den eksilfilosofien som vart formulert i Paris i møte mellom dei store russiske eksilfilosofane og Vesten.

-Florenskij var både russisk filosof, professor og ortodoks prest, men vart skoten av Stalin. Han er ein av mine store favorittar og filosofiske idol. Eg har større sans for den russiske filosofien, tanken og teologien enn den historiske russiske ortodokse kyrkja, som oftast har vore tsar- eller bolsjevikbunden. Det som har fascinert meg mest med den russiske tanken, er at Russland ikkje har hatt nokon renessanse, reformasjon eller opplysningstid som har stogga utviklinga og fullendinga av den greske filosofien. Eg ser Dostojevskij som toppen av fullendinga. Fullendinga av den greske antikken som aldri skjedde i Vesten, fann stad i Russland. I Vesten finst det forakt for Bysants, og difor kjenner ikkje folk til dette. Russland slapp elendet med reformasjonen og den såkalla vitskaplege humanismen, som førde til dei største menneskelege katastrofane, Gulag og Auschwitz, i det førre tusenåret. Likevel vart bisarre idear frå Vesten omstøypte i ei ortodoks form – til stalinkult. Det førte til katastrofen og Russlands Golgata, men likevel finst noko av det heilage Russland framleis. Og det har tiltalt meg både som menneske og kunstnar.

- Kva er det som tiltalar deg?

- Fridommen! For meg er determinismen den største katastrofen for mennesket, og til determinismen høyrer den mest matematiske og analytiske utviklinga. Fridomen i den russiske tanken er derimot krona på verket. Mennesket har fridom til å elska eller myrda, og den handlinga har til sjuande og sist ingenting med sosiale tilhøve å gjera. Rett nok er ikkje fødestad og sosiale samanhengar uviktige, men likevel er det som hjå Dostojevskij:

- Avgjera vert fatta i det irrasjonelle rommet. Same kor trasig du har hatt det, så har du i den stunda når du – som Raskolnikov – vel mordet i staden for kjærleiken, gjort eit fritt val. Det er kjernepunktet for meg: å dyrka den russiske fridomstanken, og unnvera den bisarre førestellinga om arvesynda. I determinismen vert mennesket til maskin til slutt, meiner Pohjanen.

-Dess meir ein fullendar maskinen, dess meir øydelegg ein, og folk i Vesten opplever meir meiningsløyse enn nokon gong. I den nordlige delen av Sverige - i området mellom Överkalix i aust, Kiruna i nord og Skellefteå i sør, fins det ein ortodoks kyrkjelyd. -Her finst det 300-400 ortodokse av tolv ulike nasjonalitetar. Blant desse er det ganske mange svenskar som har konvertert.

- Er det ein trend?

- Ja, ein kan tala om eit ortodokst oppsving. I 1950-åra vart mange av den svenske intelligentsiaen katolikkar. Den ortodokse boomen starta i Finland med Pentti Sarikoski, og det synest som om han har spreidd seg til Sverige. Det verkar som om ein del av den gamle venstre-intelligentsiaen søkjer seg til ortodoksien. Den ortodokse påskehelga er over, og på Sirillus er det stilt denne vakre vårdagen.

-Det er ei flott tid for kunstnarleg og kreativt arbeid her om vintaren. I mai byrjar turistane å koma, og då fungerer kyrkja som eit kultursentrum, fortell Pohjanen. Kvart år er nærare 8000 gjester innom kyrkja, mellom anna for å sjå på ikonutstillinga til Monika Venneberg, Bengt Pohjanens kone. Då hender det at dei kjøper både postkort og bøker, og på det viset vert det ein slant til dekning av straum og forsikring. Heile bygningen er privatfinansiert. Ein forfattar tener ikkje enorme summer på bøkene, men eg har arbeidd hardt og skrive mykje. Mange små bekker gjer ei stor å. Kring ein forfatterskap sirkulerer det uventa mykje pengar, men eg har ikkje hatt trong for å setja om pengane i privat forbruk. Eg har ikkje ein Mercedes eller fin garderobe, og når eg reiser er det som oftast tenestereiser som eg får betalt for. Eg lever svært enkelt, og då vert det pengar til overs. I mange av Bengt Pohjanens bøker er handlinga lagd til Tornedalen. I fleire romanar har han skrive om Korpelarørsla. Han har stor sans for Læstadius, og difor har han skrive roman om han også. Han har også skrive om hendingane i det nordlege Finland under den andre verdskrigen og om korleis tyskarane brende denne delen av landet. No er han i gang med ein sjølbiografi, og det er svært mykje å ta fatt i.

- Far var smuglarkonge, og i barndomsheimen min i Kassa sørom Pajala vart det snakka mange språk. Der kom det folk frå mange kantar. Eg er fødd eksakt 160 steg frå grenseelva. Der var det ikkje naturleg å springa til torget for å ropa slagord mot venstre eller høgre. Der var ein stad der ein tok hand om folk som trong hjelp, men der ein samstundes også gjorde forretningar med folk. Dit kom det mange ulike menneske. Det kunne vera tyskarar som hadde desertert, eller folk på flukt frå Statspolisen, eller raude sympatisørar. Det hende at dei støytte saman i barndomsheimen min. Eg hugsar to karar som slost med hesjestaurar så blodet flaut. Det var eit politisk slagsmål mellom flyktningar etter at dei hadde avslørt kvarandre. Dette slagsmålet såg eg sjølv gjennom eit lite vindauge.

- Far din smugla alt over grensa – både folk og sprit?

- Alt frå hestar til menneske, men ikkje sprit. Farfar kom til heimstaden min som tollar frå Haparanda, og der arbeidde han under den første verdskrigen. Han var ein menneskeelskande tollar, og han tok imot flyktningar som var jaga av den raude eller den kvite sida – og gøymde dei i Sverige. Han vart skulda for smugling, men han vart aldri felt. Likevel valde han å forlate tollvesenet. - ”Sidan de har tiltala meg for noko som ikkje kan vera brotsverk, kjem eg til å byrja å smugla, og de kjem aldri til å greia å setja meg fast”, sa han, og den lovnaden heldt han. Bengt Pohjanen var med på smuglarturar på slutten av 50-talet.

-Eg smugla ikkje hesten over elva, men eg var ein stolt niåring som tok imot hesten nede ved elvekanten på svensk side og gøymde han i skogen. Denne historia og mange fleire skal han fortelja om i sjølvbiografien. Det første bandet kjem på finsk i år og på svensk neste år. Det skal handla om barndommen – frå 1944 og fram til Stalins død i 1953.

- Kanskje vert det fem band, kanskje berre eitt, sier han.

Bengt Pohjanen har mer enn nok å ta av.