Ikon. Kristi Forklarring på Tabor

Innvielse av kapellet iden ortodokse menighet i Stavanger til ære for Hl Elisabeth

PERSHA SLYZBA. Fr. Johannes, Fr. Myron, Mat, Svitlana, gjester og medlemmer av kirkeforeningen

Medlemmer av kirkeforeningen samlet foran ikonostasen i det tidligere kapellet

Erkebiskop Gabriel under liturien i Hl. Elisabeths kapell i Kristi forklaring ortodokse menighet

 

Hellige Elisabeths ikon

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kristi Forklarelses menighet i Rogaland


Martyren Elisabeths kapell
Daleveien 3
4328 Sandnes

Starost:
Ionel Nicu Radu:

Webside:
http://ortodoksstavanger.no/

 

SIGNING AV KAPELLET TIL ÆRE FOR HL. ELISABETH

Denne artiklen ble skrevet i forbindelse med åpningen av det første ortodokse kapellet i Stavanger i 2005. Menigheten har flyttet kapellet til Sandnes.

Det var høgtidsamt å vera til stades i Stavanger, fredag 16. oktober 2005.

Ein stor milepæl er nådd for dei ortodokse der, som denne kvelden fekk signa kapellet dei lenge hev arbeida med å setta i stand. Eit imponerande arbeid er utført når ein tenkjer på utgangspunktet for bygningsmassen som no er pussa opp. Mange hev bidrege med hjelp på ulik vis, dugnadsinsatsen hev vore god, men det er likevel rett å retta særs merksemd til Ingunn Irene Knutsen og far hennar, for deira store insats både praktisk og økonomisk for å få satt i verk dette.

Forventninga var til å ta og føla på før gudstenesta tok til. Vel 20 personar hadde funne vegen til kapellet i Pedersgate, som ligg godt i skjul frå gata. Ikkje store kapellet, men meir enn stort nok til kyrkjelyden no. Eit rom det var godt å koma inn i. Kapellet var vakkert pynta med blomar. Ikonostasen var pryda med mellom anna eit Kristusikon og eit Guds Mors ikon maken til dei som prydar ikonostasen i Apokalypsegrotta på Patmos. Eit vakkert ikon av Hl. Elisabeth fanga blikket med det same ein kjem inn. Det er ikkje lett å setta ord på upplevingane i ei slik stund. Dei heilage ikonane, lysa og blomane er med å danna ei råme. Samkjensla mellom oss som enno lever her og alle dei heilage og dei hensovna vert styrkt. Guds kyrkje på jord byggest heile tida - stein på stein vert lagt, og nok ein byggestein vart lagt til denne kvelden.

Fader Johannes signa kapellet og forretta deretter akatist til ære for Hl. Elisabeth. Fader Serafim og fader Myron var også medverkande under gudstenesta. Kyrkjelyden i Stavanger hadde lenge vore i bøn for at fader Myron skulle få koma til Noreg og Stavanger til signinga av kapellet, og denne kvelden var han endeleg her. Det er han som skal forretta gudstenester kvar veke i Stavanger, så gleda var stor over at han kunne vera til stades.

På slutten av gudstenesta vart eit ikon av Hl. Swithun, (skytshelgen for Stavanger) og ei oljelampe overrekt som gåve til kapellet frå Johnsegarden i Sogn og Fjordane.

So vanka det kaffi og noko attåt. Mykje god bakst vart satt fram i det fine kyrkjelydslokalet, vegg i vegg med kapellet, til nytelse for alle som var til stades. Praten gjekk livleg og gleda var stor hjå alle som hadde fått med seg denne gjevande hendinga. Påfylgjande morgon skulle det forrettast liturgi så festen vart avslutta i skapeleg tid. Mange rosande ord falt om umsetjinga av akatisten til ære for Hl. Elisabeth. Underteikna sluttar seg til dei og vil gje ein stor honnør åt den som står bak det imponerande arbeidet frå russisk til norsk.

Må kapellet verte til signing og inspirasjon for alle som nyttar det og til vekst for kyrkjelyden i Stavanger!

I-Johanne i Sunnfjord.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Åpningsside