Til ettertanke

Kyrkjesidene, Firda, fredag 24. mars 2006

Preiketeksten komande sundag er Maria sin Lovsong, (Luk. l,46-55), ein lang og inhaldsrik lovsong som er ei preike i seg sjølv. Ein song frå Maria sitt hjarte til hennar Herre og Gud; "Han som metta dei svoltne med gode gåver og sende dei rike tomhendte bort". Lovsongen skal stå rein og klår som den er frå det eine mennesket Gud kalla til å føda Hans Heilage Son i kjøtet.

Eg gjer meg tankar og dvelar ved vers 48: "For Han har sett til si ringe tenestekvinne. Frå no av skal alle ætter prisa meg sæl ….." og spør:
Kvifor er så mange kristne tilbakehaldne med verkelig å framheva Guds Mor, Maria? Det herskar inga tvil om hennar særskilde posisjon. Ho er den utvalde. Modig var den unge møya, som var trulova med den edle og langt eldre tømmermannen Josef, enkjemann med fleire born frå før! Ho lot det skje som Herren hadde sagt.

Av fri vilje lot ho seg fylla av og med Kristus Gud. Ho stilte seg til teneste. Kva har ho ikkje erfart av jordelivet sine vanskar nettopp avdi ho valde som ho gjorde? Ho bar sin Herre i seg, fødde Han og veik aldri frå sida Hans. Den høgst benåda av alle kvinner hadde visdom til å sjå rekkevidda av sitt svar. Det er inga grunn til at ikkje vi skal sette ho i ei særstilling. Utan hennar klåre ja, inga Kristus, inga frelse. Elisabet, mor til Døyparen Johannes, kallar Maria for "Mor til min Herre".

Eg spør: Avlegg vi også same vedkjenning? Den oldkyrkjelege benemninga på Maria har alltid vore "Guds Mor". Avdi ho er Guds Mor er ho også Guds kyrkje si Mor. Om Gud ikkje vart boren i hennar skjød, då leid vi alle syndedøden. Brutalt, men sant. "Guds Mor" betyr ikkje at ho er mor til Den Heilage Treeininga. Nei, ho er Mor til Guds Ævelege Son. Ho fødde Han og kan difor kallast Gudfødande - eller Gudbærar om ein vil. Ber vi Gud i oss og med oss i alt vi tek oss til? Er vilja vår like klår og sterk til å late oss fylla av Han, utan atterhald? Står vi usvikeleg ved sida Hans til ei kvar tid, koste kva det koste vil?

Elisabet kalla Maria sæl. Sjølv forutsåg Maria under inspirasjon av Heilaganden fylgjande: "Frå no av skal alle ætter prisa meg sæl …" (Luk. l:48). Dette er sterke og store ord å seie om seg sjølv! Denne bibelske profetien er bakgrunnen til den eldgamle greske hymna til Guds Mor: "Axion estin". Den lyder slik: "Verdig og rett er det å prisa deg sæl, Gudfødande. Du æveleg sæle og i alt reine og mor til vår Gud. Høgre æra enn kjerubar og uendeleg meir herleg enn serafar. Du som urørd fødde Gud ORDET, Sanne Gudfødande, deg høglovar vi."

Diverre, mange prisar ikkje Maria for det ho er og det valet ho tok. Ho skal signast for lydnaden mot Gud og for oppfylling av Hans Heilage Ord! Maria er verkeleg eit døme til etterfylging! Det er viktig å gje Maria sin identitet beskyttelse som Guds Mor. Da beskytter vi også identiteten av Den Heilage Sonen hennar, som i evangeliet vert kalla for "Son åt Den Høgaste" (Luk. l:32). Om vi ikkje med største frimod tek imot Maria som den ho er, ja, då er faktisk den lekamlege fødsel åt Gud sin Son tapt for oss.

I Det gamle testamentet skriv Profeten Esekiel (44:2) "Herren sa til meg: Denne porten skal vera stengd og skal ikkje opnast. Ingen må koma inn gjennom han. Herren, Israels Gud, har gått inn gjennom porten; difor skal han vera stengd." Dei tidlegaste kyrkjefedrane oppfatta alltid denne porten som eit bilete på Maria sitt skjød, som skulle vera "stengd" etter at Jesus vart fødd. Maria vart kalla og vert fortsatt kalla Den ævelege Maria Møy. Ho var møy før, under og etter at ho fødde Jesus. At ho fødde i møydom kan ikkje eliminerast.
Som kristen må vi tru på dette, om det enn lyder usansynleg. Vi må hugsa at ingen ting er umogeleg for Gud. INGEN TING. Vi kan ikkje plukka med oss berre det vi sjølve meiner passar inn i vår eigen "trusvariant". Visdommen vår, insikta vår, vetenskapen vår er begrensa og vil alltid vera det. Kvifor vågar vi ikkje vera audmjuke nok til å bøya oss for Skaparen og godta at det er mykje vi ikkje forstår? Treng vi forstå alt? Treng vi svar på alt? Vi eter diverre framleis dagleg av kunnskapens tre. Ei stille undring over mysteriet skal vi ikkje forakta og skjemmast for!
Maria skal ikke dyrkast og ikke tilbedast. Tilbeding og dyrking er forbehalden Gud Fader, Sonen og Den Heilage Ande åleine. Vi skal takka for hennar frivillige underkasting, hennar klåre vilje og prisa Maria sæl, slik Den Heilage Skrifta lærer oss å gjera!

Inger-Johanne Kjøde Enger